medverkande

Ingvar Ambjørnsen er ein av landets aller mest populære forfattarar. Frå sitt sjølvvalde eksil i Hamburg sender han oss stadig nye bøker og karakterar som er med å definera kva det er å vera menneske (i Norge). Ein særleg styrke i Ambjørnsens forfattarskap er omsorga hans for dei karakterane som fell utanfor det gode selskapet, eller som slit på andre måtar. Til JERNROSA kjem han saman med Tom Stalsberg for å gjera oss betre kjend med «surkålpoeten» og den nyfrelste bloggaren Elling.

Paal Bjelke Andersen er poet, forfattar , redaktør og oversettar. Han er redaksjonelt medlem av Audiatur forlag og Audiatur- Festival for ny poesi. Andersen var også initiativtakar til nettmagasinet Nypoesi og Forlaget Attåt. Han er mye brukt som formidlar av ny poesi i ulike samanhengar, men særleg knytt til Deichmanske bibliotek i Oslo. Til Odda kjem han for å snakka med Fredrik Hagen om dei politiske poetane han har omsett til norsk: Joshua Clover Rødt epos (2017) og Juliana Spahr Den vinteren kom ulven (2016). Har du lyst på eit innblikk i viktige politisk-poetiske stemmer i dagens poesi? Vær der!

Odd Bleie er tidlegare smelteverksarbeidar, og er, blant dei innvidde, kjend som ein slagferdig humorist og dyktig fortellar av smelteverkshistorier. Somme av dei jamvel sjølvopplevde. Saman med Geir Sekse tar han oss på JERNROSA FESTKVELD med inn i det mytiske universet som er fødestaden for alle gode Odda-historier. Også dei som seinare er blitt til prisvinnande litteratur.

Irene Tvedt Børve er årets vinnar av JERNROSA ÆRESPRIS. Prisen får ho for den enorme innsatsen ho har lagt ned i samband med Odda Dramatiske Selskap og Odda Barne- og Ungdomsteater. Som om ikkje det var nok både å stå på scena og vera instruktør i ulike teatralske samanhengar, har Irene også vore ei sentral stemme i Oddas korliv. Akkurat no er det Tyssedalkoret som får nyta godt av Irene si kulturengasjerte stemme.

Jan Kristoffer Dale er på kort tid blitt den viktigaste stemma for den nye norske arbeidarlitteraturen. Sidan debuten med novellesamlinga Arbeidsnever i 2016 har han vore ein svært etterspurt festivaldeltakar og samfunnsdebattant. For debutboka vart han tildelt den viktige debutantprisen, Tarjei Vesaas-prisen, samt fleire andre prisar. I år kjem han til JERNROSA for å visa fram gøymde musikalske talent og for å opplysa oss om framveksten av ein ny amerikansk arbeidarlitteratur.

Leander Djønne er odding, bildekunstnar, skulptør og videokunstnar. Han har ei omfattande kunstnarleg skulering bak seg ved kunsthøgskular i Norge, Sverige, Tyskland og USA. I det siste har han særleg arbeid med poesi, film, natur og menneskelege spor etter bruk av naturen som t.d. filmproduksjonen Øyde til Øyde. På JERNROSA 2017 las han eigne dikt på debutantkvelden. I år er han invitert til å framføra nyskrivne dikt om industri og smelteverk på JERNROSA FESTKVELD.

Bjørn Ivar Fyksen er litteraturvitar og redaktør i Bokmagasinet til avisa Klassekampen. Han er særleg opptatt av arbeidarlitteratur og har skrive doktorarbeid om Alf Prøysen. Til JERNROSA kjem han for å bokprata Heidi Marie Kriznik og Zeshan Shakar om Den nye ulikskapen og for å vera ordstyrar under paneldebatten om Arbeidarlitteratur for det 21. hundreåret?

Fredrik Hagen er ein ung Odda-poet som har vore sentral i oppbygginga av det unge poesimiljøet i Bergen rundt poesifanzinen Forsvinningspunkt. Han er mye brukt som bokpratar og organisator av poetiske opplesingar og samtaler av Bergen Offentlige Bibliotek og Litteraturhuset i Bergen. I fjor debuterte han med diktsamlinga Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg og i år er han ute med den nye diktsamlinga Alt er barndom. Til Odda kjem han for å bokprata poeten og gjendiktaren Paal Bjelke Andersen om Ny politisk poesi og poetane Joshua Clover og Juliana Spahr.

Kim Christer Hylland er Odda sitt store talent på slagverk. For dei som har følgt karrieren hans frå lokale bandkonstellasjonar i Odda og vegen vidare til jazzlina i Trondheim, er det inga overrasking at han no er nasjonalt kjend som den energiske og hardtslåande trommisen og perkusjonisten i (jazz)metallbandet Dreamarcher. Til Odda kjem han denne gongen med nykomponert (støy)musikk oppå ryggen av autentiske lydopptak frå produksjonen ved Odda Smelteverk. Han vil også bli med på Smelteverket rundt på 100 minutt, samt by på nye kraftfulle musikalske uttrykk saman med Odd Erlend Mikkelsen i duoen HEEDLESS.

Leif Høghaug er norsk forfattar og lyrikar. Han er utdanna litteraturvitar og har undervist ved Forfattarstudiet i Bø. Høghaug var tidlegare i redaktør i Bokvennen forlag og stod m.a. bak utgjevinga av den norske utgåva av Johan Jönson sitt store diktverk Efter arbetsschema. I tillegg til eigne utgjevingar har Høghaug omsett Karl Marx og Friedrich Engels sin politiske klassikar Det kommunistiske partis manifest. Leif Høghaug kjem til JERNROSA for å kåsera om det litterære verket som truleg har hatt størst verknad på arbeidarrøslas tenking og politikk gjennom alle tider.

Internasjonalt kor er Oddas yngste og nyaste kor, snautt meir enn fem år gamalt. Dei har likevel forstått kor røtene deira ligg, og har difor lova å framføra minst ein klassisk arbeidarsong på JERNROSA FESTKVELD. Dei held repertoarkortet tett til brystet, men det går rykte om at dei driv og øver inn ein nyskriven Odda-song med politisk vri av Yngve Dyvik og eit tredje korverk, som dei slett ikkje vil røpa for programansvarleg. Den som kjem på JERNROSA FESTKVELD får både sjå, og, ikkje minst, høyra. Og at det blir bra, det veit vi. Dirigenten deira, Laura Buta, lar ikkje koret sleppa ut på scena utan at det har noe bra å by på.

Terje Kollbotn er Odda sin eigen Tom Joad. Det er ikkje den kamp Terje ikkje har gått inn i med all si kraft, sin retorikk og sine strategiske evner når han har sett småkårsfolk og arbeidsfolks interesser truga av kapitalkreftene, overmakta eller byråkratane. Terje Kollbotn er ein institusjon i seg sjølv og fyller fullt ut tittelen på den store biografien om arbeidarhovdingen Martin Tranmæl – Et bål av vilje. På JERNROSA kjem Terje for å ropa oss trygt gjennom Smelteverket rundt på 100 minutt. Og, det beste av alt, veit du kva det er? Han treng ingen megafon eller berbar høgtalar på smelteverksvandringa, for, som han seier: Eg blei fødd med ein innebygd høgtalar!

Heidi Marie Kriznik er norsk forfattar og leiar av Den norske Forfatterforening. Ho er særleg kjend for sitt sterke sosiale engasjement og for skildring av karakterar som ofte fell utanfor medias og mainstreamkulturens lyskastarar. For debuten sin fekk ho Tarje Vesaas debutantpris. Ho kjem til JERNROSA for å opna festivalen, for å samtala med Bjørn Ivar Fyksen og Zeshan Shakar om Den nye ulikskapen og for å diskutera Arbeidarlitteratur for det 21. hundreåret?

Jan Lange er Oslo sin eigen Tom Joad, slik Terje Kollbotn er det for Odda. Gjennom arbeidet sitt som renovasjonsarbeidar (eller søppelmann, som han sjølv titulerer seg) har han fått eit godt innblikk i dei prekære arbeidsforholda som, særleg, utanlandske arbeidstakarar blir utsett for i Norge i dag. Jan Lange ein av dei som er villig til å gjøra ein innsats for at dei som er dårlegare stelt enn han sjølv skal få det betre. Lange sette difor i gang det kultur- og fagpolitiske initiativet Tidlig søppelkveld og Søppelmann Janson’s fristelser der han inviterte uorganiserte utanlandske søppelmenn til kulturkveldar med musikk og poesi, samt opplæring i norsk arbeidsliv og samfunnsliv. Med Tidlig søppelkveld som verktøy fekk Lange organisert mange nok utanlandske arbeidstakarar til å kunna kreva tariffavtale i bedrifta der han arbeidde. Jan Lange kjem til JERNROSA for å dela av sine erfaringar og for å diskutera Arbeidarlitteratur for det 21. hundreåret?

Daniel Lazar er busett i Oslo, men har sine røter i Serbia. Han er ein klassisk skulert fiolinist og vinnar av ei rekke musikalske prisar både innan klassisk musikk og folkemusikk. Til Odda kjem han for å spela på Smelteverket rundt på 100 minutt samt for å halda årets festkveldkonsert saman med den musikalske kompanjongen, Almir Meskovic, i form av balakanduoen Buttons & Strings.

Almir Meskovic er norsk-bosnisk trekkspelar med utdanning frå Norges Musikkhøgskole og frå musikkakademiet i Sarajevo. Han er ein dreven musikar med meir enn 20 års erfaring som utøvande. Meskovic har spela over 500 konsertar rundt om i Europa og er aktiv både innan samtidsmusikken, den klassiske musikken og folkemusikken. Til JERNROSA kjem han for å spela på Smelteverket rundt på 100 minutt, samt for å laga ei heidundrande balkanmusikalsk avslutning på JERNROSA FESTKVELD saman med kompisen og fiolinisten Daniel Lazar. Almir og Daniel har lova oss eit balkansk fyrverkeri av ein konsert, med noen rolege svisker innimellom slik at publikum får roa pulsen til norsk nivå innimellom slaga.

Odd Erlend Mikkelsen er kjend frå ei rekke lokale bandkonstellasjonar. Han er eit stort musikalsk talent som via musikklina på Trøndertun Folkehøgskule tok steget over i bandet Møblos og derifrå til ny status som gitarist i Dreamarcher saman med Kim Christer Hylland. Saman med Kim driv han også og eksperimenterer med eit nytt duoformat under namnet HEEDLESS. Til JERNROSA kjem han for å spela på JERNROSA FESTKVELD og Smelteverket rundt på 100 minutt, samt for å gi oss ein smakebit på kva han elles er god for.

Geir Sekse er røyrleggar og tidlegare smelteverksarbeidar. At Geir er i stand til å fortella og formidla veit alle som har sett han på scena, ikkje minst i oppsettinga KJÆRE PETTER der Odda Dramatiske Selskap heidra Oddas ukrona revykonge Petter Tjelle. På JERNROSA FESTKVELD skal han, saman med den tidlegare kollegaen Odd Bleie, gi oss eit innblikk i den munnlege fortellarkulturen og den slagferdige humoren som på mange måtar var sjølve limet i den uformelle smelteverkskulturen, og som er blitt ein av pilarane som fleire av Odda-forfattarane står på når dei skriv bøkene sine.

Lars Ove Seljestad er odding og norsk forfattar som har gitt ut seks romanar, eitt essay og ei diktbok sidan debuten i 2005. Med debutromanen BLIND gjorde han omgrepet Klassereise til ein del av norsk daglegtale. Han tok i 2016 initiativet til å starta JERNROSA Politisk Litteraturfestival og er festivalens primus motor og kunstnarlege leiar. Til årets JERNROSA har han med seg kortfilmen JERNROSA 2017 og eit kremlag av norske forfattarar og musikarar.

Zeshan Shakar debuterte i 2017 med romanen Tante Ulrikkes Vei der han skildrar oppveksten til dei to tenåringane Mo og Jamal på Grorud i Oslo. Den eine frå ein stabil og relativt ressurssterk familie og den andre frå ein oppbroten familie prega av sjukdom og omsorgsvikt. Med utgangspunkt i dei to gutane sine eigne fortellingar, gir han oss eit sterkt innblikk i kor ulikt eit liv kan arta seg – også innanfor det same sosiale miljøet. For debutboka fekk han Tarjei Vesaas-prisen og var ein av fjorårets aller viktigaste litterære debutantar. Til Odda kjem han for å diskutera Den nye ulikskapen med Heidi Marie Kriznik og Bjørn Ivar Fyksen. Zeshan Shakar er årets JERNROSA-debutant.

Tom Stalsberg er poet, forfattar, skribent og journalist. Han har gitt ut fleire diktbøker og er også kjend frå det musikalsk-poetiske samarbeidet med Lars Saabye Christensen. Til Odda kjem han for å vera sidekick for Elling og Ingvar og for å presentera nyskrivne Elling-dikt.

Are Tomasgard er odding, fagforeiningsmann og ein talefør representant for det politisk engasjerte Odda. Etter eit mellomspel som ordførar i Sørum kommune har han sidan 2013 vore LO-sekretær. Han kjem til JERNROSA for å halda appellen Vasskrafta og ordkrafta definerer industrifolket.

Vidar Våde er tyssedøl på sin hals, tidlegare bygningsarbeidar og kjent politikar både på lokalt og nasjonalt plan. I seinare tid har han stått fram som poet og som ein formidlar av lokal industrihistorie og arbeidarhistorie. I 2017 blei han tildelt JERNROSA ÆRESPRIS. Han kjem på Opninga av årets JERNROSA for å framføra den nyskrivne JERNROSA-prologen.

Sponsorar